Sider

fredag 8. mars 2019

Oppbinding av bringebær

I fjor kjøpte eg 10 bringebærplanter. Desse vart planta ved sidan av frukttrea. Planen var at i løpet av sommaren eller hausten skulle eg lage til galge til dei. Sommaren og hausten kom og gjekk utan at det skjedde. Så vart det vinter og tele. Men no har februar vore mild og all telen er gått or jorda, og då høvde det seg å gjere no. Det er også godt med alt slikt som eg gjort før lamming set inn. Då vert det liskom ikkje tid til noko anna en å vera i fjøset, både dag og natt.

Eg er veldig heldig som har ein mann som trår til å hjelper meg med dei fleste påfunna mina, når eigne ferdigheiter ikkje strekkjer til.

Slik gjorde med det:

Her er bringebærfeltet. Det er ikkje så mange plantar enno. Eg kjøpte 10 i fjor og så stod det att 1 etter at svigerfar kjøpte nokre. Av ein eller annan grunn var det  berre den eine som klarte seg då. Som de kan sjå er det plast på det eine beddet og ikkje det andre. Beddet med plast er frå året før. Eg vurderar å fjerne denne, då eg heller vil dyrke utan plast, men med jorddekke. Det skal eg skrive meir om sidan, men syns det er ein spennande måteå arbeide på. 

Det første me gjorde var å setje ned staurane som skal vera i kvar ende. Det skal vera ca 4 meter mellom kvar staur, og sidan mine bed er så korte vart det berre ein staur i kvar ende. Då skal det vera plass til 7-8 planter i kvar rad, altså meir en det eg har no. 

Min bedre halvdel i full sving.

Strengen som bringebæra skal festast til bør vera ca 150 cm over bakken i fylgje agrobub.no. Staurane me hadde var litt for korte til det, og me valgte derfor å setje tverrpinnen opp på toppen av staurane. To skråstivarar, for å vera sikker på at det er solid, og ein skråstivar for å halde stauren på plass. 

Strengen er festa med ca 80 cm mellomrom, etter anbefalingar frå bl.a. agropub.no. Dei anbefaler å ha to feste, eit med 30 cm mellomrom, og et med 80. Då skal ein feste bringebæra i den inste fyrst, og så flytte dei ut når dei blømer. Dette syns eg høyrdes litt styrete ut, og valgte kun å ha den vidaste. Eg anser det som viktigast, for å skape luft i planten, men også gje dei nye skota god plass å komme opp på. I fjor var det få nye skot, men då var dei jo nyplanta, så eg håpar dei kjem med meir i år. Bringebær plar jo vere veksevillige. 

Desse skal også gjødslast, og det vert med hestemøk-kompost, men det vert ein annan dag. Til hælja kanskje...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar