Sider

lørdag 9. mars 2019

Sådag - dette sådde eg i mars

I år er eg seint ute med å så. Chilli og Paprika vert ikkje sådd her i år, sidan dei gjerne kan såast i januar, men heldigvis er det mykje anna morro å leike seg med. Litt ulike salatar og spinat vart sådd for nokre dagar sidan, litt meir i dag:




Fyrst sådde eg nokre tomatar. Her har eg vanlegvis tatt heilt av og sådd i vilden sky, men i år vart det berre to sortar, to frø av kvar. Eg har hatt ein plasttunell til tomatane tidlegare, men den gjekk desverre dukken i haust. Mulig eg kan klare å reparere plasten, men eg planlegg ikkje ut frå det. Tomatane eg sådde er to små busktomatar; Rødhette og Tiny Tim. Eg vurderar halvveges å ha dei i potter, slik at eg kan ta dei inn om vêret skulle verte vedlig dårlig. Me får sjå. Tomatar utandørs her har i alle fall vist seg vanskeleg, då dei ikkje er så glad i mykje regn. Då sprikk dei opp og vert øydelagd.

Ein stk ulykkelig plasttunell - vind er noko dritt

Eg har også bestilt frø frå nokre andre typar som skal vere meir hardføre, så mogeleg det vert nokre plantar av dei også. Dette er Nordreås busk, Glacier og Sub Artic Plenty. Eller dvs eg har prøvd å bestille frø, men ikkje fått svar enno. Så me får sjå.

I tillegg sådde eg nokre plantar av blomkål. Det har eg berre gjort eit år før, og det gjekk ikkje så bra. Eg sådde dei og dei spira fint. Så vart dei sett ut på ein lur plass, i påvente av utplanting, og så gløymde eg dei. Så dårlig avling der altså. Men ein av dei tinga som er så fint med planter er at om det går skeis ein gong eller to, så er det berre å prøve til att. Ny sjangse kvart år, og gjerne fleire gongar i løpet av sommaren.

Til slutt sådde eg litt urter. Eg er veldig glad i urter og ulike krydderplanter. No vart det sådd løpstikke, rosmarin og basilikum. Dei to fyrste er nye for meg. Løpstikken lukta sterkt, ei lukt som minna om selleri. Fasinerande.

Basilikum har eg hatt fleire gonger. Og den er vanskeleg å få til. Eg har hatt delvis hell med den i drivhus, der vert miljøet skjerma nok, sidan den er ganske kresen på både temperatur og trekk. Problemet i drivhuset er at etterkvart er det nokon andre som har oppdaga basilikumen og så plutseleg er det oppeten... I år vurderer eg å ha den inne i huset, for å sjå om det er betre. Men basilikum må ein ha. Berre det å kunne sniffe litt på planten i ny og ne gjer det verdt å ha den. For ikkje å snakke om når ein kan ha frisk basilikum i f.eks tomatsau, tomatsupper, lage heimelaga pesto osv.

No er alt satt til spiring på badet, og eg kjem til å titte opp i kvar gong eg er på bade for å sjå om det er komen ei spire. Mange gongar for dagen. Det er så spennande. Så vert det ny runde med sådd om nokre veker igjen, planter som ikkje treng så lang tid før dei er klar til å plantast ut.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar