Sider

søndag 31. mars 2019

Varmebenken er full

Dei siste dagane har eg sådd og planta ut i varmebenken og no er den full. I den er det no:
- sommergulrot
- redikk
- plukksalat (planter)
- spinat (planter)
- hovudsalat (planter)
- mainepe
- rødbeter



Dette er et veldig testforsøk så blir veldig spennande å sjå. Temperaturen ligg på rundt 10 garder i benken, ca 30 nede i jorda. Då eg planta ut salatene stakk eg gongen ned i jorda for å lage hol til plantane og det var god varme å kjenne.



Eg har sådd meir inne også no. Grønnkål (både grønn og lilla type) selleri, sellerirot, purre og asparges. Sidan eg reknar med at det vert trangt i vinduet under vekstlyset etterkvart, køyrer eg i gang ein varmebenk til. Meininga med denne er at eg skal kunne sette ut ein del plantar der for å sørge for at slle går nok lys. Enno eit prøveprosjekt.


torsdag 28. mars 2019

Fyrste sådd i varmbenken

I dag tok eg steget og sådde i varmebenken. Dette vert spennande. Dette vert selvfølgelig veldig spennande, spesielt sidan det er meldt temperatur heilt ned på minussida om nokre dagar. Det ser heldigvis ut til at det skal går fort over.



I benken no står det et så-trau med diverse salatar. Dei skal få vekse litt til før eg plantar dei ut, men dei har nok betre lys der enn inne. I tillegg sådde eg i dag rødbete. Det er veldig sjangsespel, sidan den lett kan gå i stokk dersom det vert kaldt etter at den har spira, men eg har valgt ein type som skal tåle dette betre en andre typar. Dette er ei rødbete som heiter Moulin Rough - kjempefin rødbet, som er raud heilt gjennom. Eg dyrka denne i fjor. Den var lekker og god, men i den tørre sommaren vart dei litt små.

Den andre sådden har eg meir tru på. Det er ei mainepe som heiter Snowball. Den har eg prøvd ein gong før, for to år sidan trur eg, og det vart heilt misslukka. Dei spirte osv, men danna ikkje nok rotknoll i det heile, men eg prøver igjen med godt mot.



Temperaturen i benken ligg jevnt på rundt 20 grader nede i jorda Lufttemperaturen varierar gjennom dagen, men har vist ein gjennomsnittstemperatur på ca 13 grader. No gler eg meg til eg kan plante ut dei salatane som står der å godgjer seg.

onsdag 27. mars 2019

Oppdatering varmbenk

Varmebenken har vært et veldig artigt og engasjerande prosjekt. Det har nok ikkje heilt gått som det skulle, men det har vore svært lærerikt likevel, og inspirerer i alle fall til å gjere fleire forsøk.

Etter at varmebenken vart laga i stand hadde den lite temperaturstiging. Eg var litt dårlig til å vatne i starten, hadde ikkje fått helt med meg kor viktig det var. Etter nokre dagar byrja eg å vatne og då skjedde det ting raskt. Etter berre 2-3 dagar var temperaturen oppe i nesten 40 grader og det såg lovande ut, men desverre gjekk den ikkje høgare. Den byrja derimot å synke. Deretter har den stabelisert seg på rundt 20 grader, nede i jorda. Luftemperaturen har også vore grei, ca 10 grader i snittemperatur.

I går, 26.03, valgte eg å lage den klar til bruk. Den hadde sunke ein del, så eg la på eit lag til med gras og hestemøk, og dekka deretter med jord.

Det var lite makk i jorda, og makk er ein viktig arbeidar i hagen. Eg grov opp nokre frå komposthaugen og la dei opp i varmebenken, og tenkjer nok dei skal få det fint der. Og så gjer dei jo ein innmari god jobb. Ein mark kan bæsje ut 1 gram med god jord, kvar dag. Det er jo fantastisk.
Godt med makk i komposten, så då kan jo varmebenken få litt hjelp på vegen. 

Etter å ha fyllt benken sank lufttemperaturen veldig, naturleg nok. Kald jord, og meir for varmen i benken å varme opp. Om kvelden var lufttemperaturen i benken den same som utanfor, 0,5 grader. I løpet av natta derimot ser det til at varmen byrjar å få litt tak, og var oppe i nesten 4 grader, til tross for at utetempen framleis berre låg på 0.5.

Planen no er å så litt i benken, samt sette ut nokre av salatplantene,for å få meir godt lys til dei. Eg vil ikkje plante dei ut heilt enno, men det byrjar å verte trangt og vanskeleg å nå over alt med godt lys inne. Så no er det ny epoke, og nye spennande tider.
Småplantene prøvde utelivet ein dag før eg fyllte i benken - deretter måtte dei inn, då benken vart for kald. Sidan temperaturen ser ut til å stige igjen, kan det hende dei får flytte ut att. 

tirsdag 26. mars 2019

Førebuing av pallekarm-bed

Eg har nokre pallekarmbed som eg berre dyrkar sommarvekster i og andre med planter som kjem igjen av seg sjølv. Bedda som har stått tomme i vinter skal eg grave opp, fylle på med god gjødsel i bunn og så legge jorda tilbake på plass, og gjerne blande inn noko kompost her.

Sidan været har vært så vårlig i det siste hadde eg planlagd å byrje med dette i dag. Så då var det jo berre typisk at snøen lava ned utover dagen.



Men eg let meg ikkje skremme så lett, så eg satte i gang like vel. Eg grov først ut så mykje jord eg hadde plass til i ei trillebår, og resten la eg ut til ein kant. Røska opp alt av ugrasrøter som eg fann, og bestemte meg for å legge på aviser. Når ein legg på aviser ned i ein karm slik som eg gjorde no, er det framleis fare for at noko ugras kjem opp langs kanten, men det vil jo uansett døyve ein god del av det.



Aviser er supert til å dekke med. Etter ei stund vil dei rote og gå i opplysning, slik at makken kjem opp og kan arbeide, men innen det skjer har den kvelt mykje ugras. I tillegg vil også plantane etterkvart klare å sette røtter gjennom avisene som går i oppløysing og dei kan nytte jorda og plassen under pallekarmen. Supersmart.

Etter at avisene var lagt på, la eg eit godt lag med avfall frå hønsehuset. Det er ei blanding av sagflis, høy og hønsemøk. Så gjorde eg noko eg aldri har gjort før, og som Sara Bäckmo har inspirert meg til. Eg la ull inn som eit "gjødslingsmateriale". På bloggen til Bäckmo skriv ho at ho nyttar det som både dekkmaterial, spar det ned i jorda, og ho har til og med laga varmbenk av ull og hønsemøk. Så då måtte jo eg også prøve.




Eg må seie eg er veldig usikker på kva næring ull kan tilføre, og ser også føre meg at den vert brutt ned seint, men den som ikkje våger osv.

Sjølv om me har sauer sjølv har eg ikkje veldig mykje ull tilgjengeleg, så det vert eit lite prøveprosjekt. Me sende det meste av ulla inn til ullmottaket, og får jo då litt betaling for den. Men noko av ulla er for skitten, kort eller urinbrent til at det kan brukast, så denne ulla plar me berre kaste. Men i år gjekk den i jorda. Veldig spent på korleis dette skal gå.

På toppen la eg over ein del av jorda som var gravd ut. Denne er eg også nøye med å rense for mest mogeleg ugrasrøter osv, sjølv om ein ikkje vert kvitt alt. Frø osv er også umogleg å fjerne, men når den er relativt rein, vert det mindre ugrass uansett. Eg hadde ikkje i noko kompost, men eg reknar med at ull, og hønsemøkka kjem til å synke ein del relativt raskt, og kjem då til å fylle på med kompost (stort sett komposter hestemøkk, saman med gras og sagflis).


No er det berre å vente å sjå til sommaren korleis det kjem til å gå med avlinga. Jorda verka relativt daud, utan særleg makk o.l. så her var det nok absolutt bra med påfyll av material, til både makk og planter.

søndag 24. mars 2019

Når katten hjelper til med vår-såinga...

... då vert det trøbbel.

Eg satte ein del av sådden min til spiring på badet. Der er det varmt og godt, og passe fuktig. Eg satte dei i vindauge, der dei er minst i vegen. Det eg ikkje hugsa på er at katten også likar å ligge i badevindauge. Så ein dag eg kom inn hadde katten rive ned brettet med tomatar og blomkål, alt låg oppned og uttømt i badekaret. Så då var det berre til å byrje på nytt.
Slik såg det ut før katten bestemde seg for å hjelpe

"Problemt" med å byrje på nytt var at eg hadde rukke innom ein Plantsjen-butikk, samt bestilt noko på nett og utvida frø-forrådet mitt, og det vart derfor sådd ein del meir.

Eg sådde:
- Rødhette (tomat), her er det forøvrig ein som overlevde katten, og har spria frå fyrste såing
- Tiny Tim (tomat)
- Glacier (norsk tomat)
- Tigerella (tomat) - eg skulle berre ha lave tomatar i år - det gjekk skeis...
- Blomkål (står ikkje namn)
- Kålrot
- Ruccola

I tillegg spirar basilikumen og løpstikka fint, medan timianen ikkje har vist seg enno. Salatane som eg har sådd er også byrja komme i gang, men ikkje alt er like villig der heller. Alt står i vindauge med ekstra lys. Plukksalaten er litt lang, men resten ser veldig bra ut.

lørdag 9. mars 2019

Sådag - dette sådde eg i mars

I år er eg seint ute med å så. Chilli og Paprika vert ikkje sådd her i år, sidan dei gjerne kan såast i januar, men heldigvis er det mykje anna morro å leike seg med. Litt ulike salatar og spinat vart sådd for nokre dagar sidan, litt meir i dag:




Fyrst sådde eg nokre tomatar. Her har eg vanlegvis tatt heilt av og sådd i vilden sky, men i år vart det berre to sortar, to frø av kvar. Eg har hatt ein plasttunell til tomatane tidlegare, men den gjekk desverre dukken i haust. Mulig eg kan klare å reparere plasten, men eg planlegg ikkje ut frå det. Tomatane eg sådde er to små busktomatar; Rødhette og Tiny Tim. Eg vurderar halvveges å ha dei i potter, slik at eg kan ta dei inn om vêret skulle verte vedlig dårlig. Me får sjå. Tomatar utandørs her har i alle fall vist seg vanskeleg, då dei ikkje er så glad i mykje regn. Då sprikk dei opp og vert øydelagd.

Ein stk ulykkelig plasttunell - vind er noko dritt

Eg har også bestilt frø frå nokre andre typar som skal vere meir hardføre, så mogeleg det vert nokre plantar av dei også. Dette er Nordreås busk, Glacier og Sub Artic Plenty. Eller dvs eg har prøvd å bestille frø, men ikkje fått svar enno. Så me får sjå.

I tillegg sådde eg nokre plantar av blomkål. Det har eg berre gjort eit år før, og det gjekk ikkje så bra. Eg sådde dei og dei spira fint. Så vart dei sett ut på ein lur plass, i påvente av utplanting, og så gløymde eg dei. Så dårlig avling der altså. Men ein av dei tinga som er så fint med planter er at om det går skeis ein gong eller to, så er det berre å prøve til att. Ny sjangse kvart år, og gjerne fleire gongar i løpet av sommaren.

Til slutt sådde eg litt urter. Eg er veldig glad i urter og ulike krydderplanter. No vart det sådd løpstikke, rosmarin og basilikum. Dei to fyrste er nye for meg. Løpstikken lukta sterkt, ei lukt som minna om selleri. Fasinerande.

Basilikum har eg hatt fleire gonger. Og den er vanskeleg å få til. Eg har hatt delvis hell med den i drivhus, der vert miljøet skjerma nok, sidan den er ganske kresen på både temperatur og trekk. Problemet i drivhuset er at etterkvart er det nokon andre som har oppdaga basilikumen og så plutseleg er det oppeten... I år vurderer eg å ha den inne i huset, for å sjå om det er betre. Men basilikum må ein ha. Berre det å kunne sniffe litt på planten i ny og ne gjer det verdt å ha den. For ikkje å snakke om når ein kan ha frisk basilikum i f.eks tomatsau, tomatsupper, lage heimelaga pesto osv.

No er alt satt til spiring på badet, og eg kjem til å titte opp i kvar gong eg er på bade for å sjå om det er komen ei spire. Mange gongar for dagen. Det er så spennande. Så vert det ny runde med sådd om nokre veker igjen, planter som ikkje treng så lang tid før dei er klar til å plantast ut.


fredag 8. mars 2019

Oppbinding av bringebær

I fjor kjøpte eg 10 bringebærplanter. Desse vart planta ved sidan av frukttrea. Planen var at i løpet av sommaren eller hausten skulle eg lage til galge til dei. Sommaren og hausten kom og gjekk utan at det skjedde. Så vart det vinter og tele. Men no har februar vore mild og all telen er gått or jorda, og då høvde det seg å gjere no. Det er også godt med alt slikt som eg gjort før lamming set inn. Då vert det liskom ikkje tid til noko anna en å vera i fjøset, både dag og natt.

Eg er veldig heldig som har ein mann som trår til å hjelper meg med dei fleste påfunna mina, når eigne ferdigheiter ikkje strekkjer til.

Slik gjorde med det:

Her er bringebærfeltet. Det er ikkje så mange plantar enno. Eg kjøpte 10 i fjor og så stod det att 1 etter at svigerfar kjøpte nokre. Av ein eller annan grunn var det  berre den eine som klarte seg då. Som de kan sjå er det plast på det eine beddet og ikkje det andre. Beddet med plast er frå året før. Eg vurderar å fjerne denne, då eg heller vil dyrke utan plast, men med jorddekke. Det skal eg skrive meir om sidan, men syns det er ein spennande måteå arbeide på. 

Det første me gjorde var å setje ned staurane som skal vera i kvar ende. Det skal vera ca 4 meter mellom kvar staur, og sidan mine bed er så korte vart det berre ein staur i kvar ende. Då skal det vera plass til 7-8 planter i kvar rad, altså meir en det eg har no. 

Min bedre halvdel i full sving.

Strengen som bringebæra skal festast til bør vera ca 150 cm over bakken i fylgje agrobub.no. Staurane me hadde var litt for korte til det, og me valgte derfor å setje tverrpinnen opp på toppen av staurane. To skråstivarar, for å vera sikker på at det er solid, og ein skråstivar for å halde stauren på plass. 

Strengen er festa med ca 80 cm mellomrom, etter anbefalingar frå bl.a. agropub.no. Dei anbefaler å ha to feste, eit med 30 cm mellomrom, og et med 80. Då skal ein feste bringebæra i den inste fyrst, og så flytte dei ut når dei blømer. Dette syns eg høyrdes litt styrete ut, og valgte kun å ha den vidaste. Eg anser det som viktigast, for å skape luft i planten, men også gje dei nye skota god plass å komme opp på. I fjor var det få nye skot, men då var dei jo nyplanta, så eg håpar dei kjem med meir i år. Bringebær plar jo vere veksevillige. 

Desse skal også gjødslast, og det vert med hestemøk-kompost, men det vert ein annan dag. Til hælja kanskje...


torsdag 7. mars 2019

Beskjæring av eple- og plommetre

Vinteren er tida for beskjæring av epletre - har eg forstått. For to år sidan kjøpte eg nokre epletre og nokre plommetre. Dei vart planta etter alle kunstens reglar, og deretter forsømt. I fjor vart dei ikkje beskjært noko nemneverdig i det heile, så det var litt å ta att i år. Beskjering syns eg har verka vanskelg. Eg har lese, googla og sett på youtube, men det vert plutseleg heilt annleis når ein står der med sine eigne tre og skal til å klyppa og skjera på dei.

I litteraturen står det "alle greine som peika opp skal vekk". Og kva når alle greiner peikar opp? Men eg fann ut at eg berre lyt hoppe i det, og gjere som best ein kan. Det vart nok ikkje perfekt, men det vart nok betre en det var. Så er eg spent på korleis trea vil veksa i sommar.

Det eg gjorde var å redusere antall greine betydeleg. Eg prøvde å halde att dei greinene som vaks mest utover, men på enkelte tre var det knapt slike greiner i det heile, så då valgte eg å behalde dei som vaks minst oppover. I tillegg var eg nøyen med å klyppe greinen der knoppen peika nedover. Knoppen bestemmer vist retningen på det som veks ut at. Der greiner var i konflikt med kvarandre vart ei av desse fjerne, slik at det vart luftigt mellom grienen.




















Det er ikkje så lett å få fram et stusseleg tre, utan blad på bilete, men her er eit før- og etterbilete av eit av trea. Eg trur det er eit av plommetrea, men lappane, som eg trudde skulle henge på, datt av før eg hadde lært kva som var kva. Typisk meg.

Deretter har trea fått ei dæsj fersk hestemøk rundt føtene, og eg skal også ha på eit lag med ferdigkompostert hestemøkk/flis, men det har eg ikkje gjort enno.


Varmebenk - oppstart

I fjor hadde eg store planar om å prøve ein varmebenk. Eg googla, leste og undersøkte, og til slutt hadde eg komplisert det så mykje at eg slo det i frå meg. Så ingen varmebenk då. Å overtenkte ting er eg god på.

I dag derimot har eg satt opp varmebenk, og det var heilt spontant. Eg sat inne  å kosa meg med Sara Bäckmo si gode og inspirerande bok Skillnadens Trädgård, der varmebenk vart nemt. Eg formeleg spratt opp av sofaen, og satte i gang på direkten. Eg har aldri gjort dette før, så det vert eit prøveprosjekt.



Slik gjorde eg det:
Eg har brukt pallekarmar, då desse er enkle å setje opp og ta ned. Til tross for at ein bur på gard er faktisk plass ei utfordring her. Anten er det veldig bratt, eller så er plassen opptatt, eller så er det taksnø om vinteren, eller ein må køyre traktor der, eller... Ja, ein skulle ikkje tru det, men plass er ein dyrbar ting.

Tre pallekarmar i høgda er utgangspunktet og så skulle desse fyllast. I litteraturen er det halm som er gjengangaren som fyllmateriale, saman med hestemøk. Halm har me ikkje, men me kastar ut ein del gras som sauene ikkje vil ete, og mykje av dette er grovt, så valget var enkelt. Å nytte eigne ressursar er jo eit mantra.


Sjølv om ein har hest, så var det ikkje berre-berre å finne hestemøk. Det er ein kjennsgjerning at det vert mykje sagflis saman med møka, og eg ville ikkje ha med for mykje av denne. Til neste år skal eg sortere ut meir eller mindre rein møk ei stund på førehand for å sikkre god tilgang. Det er lettare det, en å leite runt i møkkadungen etter at møk og flis er blanda godt saman. Men eg fan no ein del relativt "rein" møk til slutt, så eg trur det skal gå bra.

Etter at "råvarene" var henta fram la eg desse lagvis i pallekarmane. Eg starta med gras, deretter møkk osv, og avslutta med gras på toppen.


Etter eit misslukka drivhus-forsøk hadde eg nokre plastplater ståande att, så desse er førebels nytta som lok. Dei er til ein viss grad isolerande, så eg håpar det vil gjere nytten. Eg har ikkje kledd varmebenken utanpå, sjølv om eg ser mange gjer det, men sidan me er komne til mars allereie håpar eg det går bra utan. Det ferdige resultatet:

I bakgrunnen kan ein sjå møkkadungen etter hestane. Her plar eg plante squash og graskar med stort hell, men det kjem eg tilbake til seinare.

Morgonen etter sat eg ned i eit termometer. Så no vert det spennande å fylgje med på om det vert varmgang i dette.
Då eg satte ned temperaturmålaren såg det slik ut. 7 grader i benken og 2,5 ute. Og så må eg berre nett skryte over dette termometeret. Kjøpt på Biltema (trur eg) for ein slikk og ingenting. Eg tenkte eg skulle vere heldig dersom det overlevde ein sessong. Og no er det 5 år gammalt, brukt mykje i dårleg klima. Det har vore gravd ned, lagt ute to vintrar og funkar fjell enno. Utruleg. Og bank i bordet...


Blir dette eit vellukka prosjekt er planen å så salat  i denne pallekarmen, Salat sådde eg inne i dag (det er sikkert noko seint), og planen er å plante denne ut. Vert ikkje det vellukka er også direktesåing et alternativ, men det lyt ein berre vente å sjå.




onsdag 6. mars 2019

Formålet

Som ein spontan hobbydyrkar utan særleg struktur har eg behov for eit verkty som kan hjelpe meg med å halde orden på kjøkkenhagen min.  Formålet med denne bloggen er altså ikkje å drive opplæring, eller vera ein fag-blogg - det finns det mange av, med mykje større kunnskap enn det eg har. Denne bloggen vert skriven mest for eigen del og kjem til å fungere meir som ei dagbok.
Skulle likevel nokon finne interesse i det eg skriv, og kanskje lære noko, evt lære av mine feil, er jo det berre ein ekstra bonus.

Eg held til på eit gårdsbruk der me i hovudsak driv med sau. I tillegg har me nokre hestar og nokre høner, slik at me er sjølvforsynte med egg. Målet med det eg dyrkar er å kunne forsyne seg sjølv til ein viss grad, og rekreasjonen - ikkje minst! Eg prøver så godt eg kan å nytte dei ressursane som finns på gården, utan å måtte kjøpe/skaffe utanfrå.