Sider

onsdag 26. juni 2019

Ny og utvida kjøkkenhage

Før om åra har eg dyrka mest i pallekarmar som har vore lett spredd rundt på tunet. Eg har hatt lyst til å få meg ein mer "ordentleg" kjøkkenhage med større plass og i vår har den drømmen gått i oppfyllelse.

Prossessen:

Eg hadde sett meg ut eit område eg tenkte kunne høve, og som ikkje ville øydeleggje for mykje med tanke på slått o.l. Eg snusa litt på ideen om å bruke no-dig prinsippet, men fekk tilbod om å grave opp området med gravemaskin og takka ja til det. Eg kan gå over til no-dig sidan, og det var litt skummelt å gje seg i kast med noko slikt utan å eigentleg kunne så mykje om det.



Når gravemaskina fyrst var på plass skulle me også rydde opp i eit område som låg tett inntil det feltet eg hadde tenkt å dyrke. Her har det berre vore hogge ned småskog i fleire omgongar, så det låg hagar av kvist og kvast, og det voks berre bregner og bringebærris her. Når me fyrst hadde fått begynt å rydde i området her, viste deg seg at det var mykje jord her og faktisk ganske fint, og planen blei endre. Her skulle eg anlegge kjøkkenhagen. Og det beste? Det andre området ligg heilt "vegg i vegg", så mogelegheiten for utviding er i høgste grad til stades. Jippi!

Sjølv etter at gravemaskina hadde gjort seg ferdig var det mykje arbeid att. Eg syns det var vanskeleg å sjå føre seg sluttresultatet. Eg bestemde meg for å ta halve og halve omrdået. Først markerte eg kvar midten skulle vere, der ville eg ha ein gangveg. Eg ville også ha ein gangveg på høgre sida av feltet og det var denne eg tok til med først. Eg grov først ei grop, og deretter fyllte eg den med stein etterkvart som eg gjekk over åkeren og rensa den. Over steinen la eg duk og så flisk på toppen der igjen.




På denne halvdelen av åkeren satt eg poteter. Eg la på ein del komposter hestemøkk/flis, og byrja å lage jorddekke. Eg har tre sortar; Juno, som er ei tidligpotet, Kers Pink og Beate. Alle var grodde på førehand og nokre hadde eg lagt i jord for å lage rot på, noko eg har skrive om i ein tidlegare blogg. 


Etterpå laga eg midtgangen. Her la eg berre duken rett på marka og la flis over. Det blei nok faktisk vel så bra som den med stein. Stødig å fin å gå på, og ein slepp å trampe rundt i åker, og det er faktisk mykje reinslegare.

Når dette var gjort fekk eg planta ut litt i den siste halvdelen av åkeren. Her er det stor variasjon i plantar, men det kjem eg tilbake til lenger nede. Eg har også fått dekka mykja av området med gras, for her er det dyrking med jorddekke som gjeld.
Heilt til slutt laga eg grusveg frå åkeren og ned på vegen att. Igjen duk under, og så la eg ein fin grus som set seg og vert veldig fast på toppen.


Det veks flott i åkeren. Jorda virka litt daud, med lite liv i, men etter at eg har køyrt på kompost og lagt på gras verkar det som om det byrjar å livne til. Håpar det gjeld for mikrobar og anna godsaker som me ikkje ser også.

Her er ein statusrapport frå 25. juni:



Plantar i åkeren:

På den høgre halvdelen er det satt poteter, Juno, Kers Pink og Beate. Under potetene er det Mangold, og her er også planen om å sette ut ein eller to grønnkålplantar. Mot den høgre gangvegen har eg planta ei rad med sukkererter, ispedd nokre høge solsikker her og der. Om dette vil fungere anar eg ikkje, men den som intet våger osv.

Den nederste kanten på feltet er også kanta med solsikker, men her er den ein lav sort, for å unngå at dei skal skugge for sola.

Over der igjen er det eit felt med løk, gul og raud. I den litle tunnelen med duk, og ved sidan av er det kålrot og eit par blomkålplantar. Etter det kjem eit felt med selleri, asparges og purre. Berre nokre få plantar av kvar, då det gjekk litt skeis med den sådden.

I det feltet som ikkje er dekka med gras øverst her er det sådd gulrøtter. Dei er eg noko usikker på korleis det vil gå med, sidan det her var nokre kattar som syns det var høveleg å gå på do.

Feltet vedsidan av med grasdekke er tomt, og ventar på nokre fleire blomkålplantar som snart er klar til å settjast ut.

Til slutte har eg kanta inn mot den midterste gangvegen her med jordbærplantar.

No er det spennande tider framover, for å sjå korleis alt dette vil utvikle seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar