Sider

søndag 14. april 2019

Kompost

Eit av mine mål er å nytte dei resursane som finns kring meg. Og då er kompost ei naturleg del av dette. Eg har to typar kompost som eg nyttar, og eg ynskjer å starte opp ein tredje.

Hestemøk/sagflis: 

Eg har hest og difor vert hestemøk ein naturleg del av det å dyrke. Denne brukar eg faktisk i fleire fasar. Om vinteren når hestane er oppstalla deler av døgnet køyrer eg ut møk og sagflis i ein haug.

Eit kveldsbilete av komposten med eine varmbenken i bakgrunnen. 

På bilete over ser ein komposthaugen, som består av sagflis, hestemøk og gras slik den er no. Den er varmgang nede i haugen, men mykje uomdanna materiale også. Om sommaren vert denne nytta til å dyrke squash og graskar i. Det er mange som er redd for å dyrke i fersk møk og meiner den må brenne so og so lenge ellers vil den ikkje fungere. Eg har ikkje den erfaringa. Tvert i mot. Plantane veks godt til og med om våren når temperaturen ikkje er så høg. Dette trur eg er takka vera varme frå komposthaigen. God avling vert det også. 

Nyplanta graskar, rett i komposten.

På hausten når squash og graskar har gjort sitt vert haugen lagt til vidare modning og tatt fram att eit år eller to seinare til bruk. Då er den vorte mykje meir omdanna, og eg brukar relativt store mengder av denne i bed, karmar, rundt frukttre og på bærbusker. Litt flis kan ein framleis finne, då det er lang nedbrytingstid på denne, men det ser ikkje ut til å spele noko rolle. 



Ei heil traktorskuffe med herlegheiten

Bokashi: 
Bokashi kan vel nærast kallast ein trend for tida, men eg tykjer det er ein flott, enkel måte å ta hand om kjøkkenavfallet på. Først og fremst gjev eg hønene mest mogeleg av det dei likar, men det vert alltid litt matavfall som ikkje kan etast, som bananskal, appelsinskal og kaffegrut. 


Den aller beste måten å nytte matavfall på - gi det til hønene, og så gir dei egg tilbake. 

Bokashi er kort fortalt ein måte å fermentere maten på, slik at nedbrytinga går raskt etterpå: 

1. Samle matavfall i ein beholder, tom over i ei lufttett bøtte ein gong for dag og bruk spesialstrø. 
2. Når bøtta er full vert denne satt til fermentering/syrning i 2 veker
3. Grav ned i bed, krukker eller eigen "jordfabrikk" og matavfallet vert raskt omforma til god, næringsrik jord. 

Her skal det vekse tomatar seinare i sommar. 

Dersome ein ynskjer meir inngåande informasjon er bokashinorge.no ein bra stad å starte. 

Kaldkompost:
Kaldkompost, til kompostering av avfall frå kjøkkenhagen er ein type kompost eg ynskjer å starte opp med. Eg laga meg ein i fjor, men desverre var plasseringa særs lite gjennomtenkt og denne måtte fjernast. No skal det seiast at eg er usikker på om eg vil ha nok materiale til ein slik kompost, då eg også har planar om å dyrke mest mogeleg med dekke, så det lyt me sjå an litt. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar