Sider

torsdag 27. juni 2019

Squash

Kvart år plantar eg squash og graskar i møkkadungen der hestemøkk og flis vert dumpa, og dette har gitt kjempeavlinger. I år derimot har det ikkje gått heilt som det plar.

Kvart år sår eg squash og grasskar i april, slik at dei er klare til utplanting tidlig i mai. Dette er litt mot "reglane" då begge desse er varmekjære plantar og mange ventar med å sette dei ut til dei er sikker på at natteteperaturane ikkje går for langt ned.



Å plante dei i mai har fungert utmerka her, og ein av grunnene er nok at desse vert planta i ein komposthaug med varmgang, slik at jordtemperaturen er høg og gjerne hjelper litt på luftemperaturen over også. Vel, i år er det fleire ting som har gått skeis.

Den første sådden gjekk ikkje så bra. Eg har litt gamle før og sidan eg ikkje er veldig flink til å oppbevare dei slik dei bør var nok spireprosenten falt kraftig. Berre ein squash kom opp. Denne vart planta ut i den varme perioden i april/mai.

Sådde ny runde, og der kom det opp både squash og grasskar, sjølv om spireprosenten her også var noko laber. Etter ei veke putta eg enno fleire frø i jorda.

Dei som spira i andre omgangen vart satt ut, akkurat då veret slo om og me fekk ein kjølig periode, med mykje nedbør. Og slik har det vore nesten fram til no.

I tillegg har møkkadungen vore i dårlig driv i vår, av ein eller annan grunn og der temperaturen har lagt på rundt 40 grader, har den no berre vore rundt 15.

Den første squashen hadde vokse bra i den varme perioden, men stogga heilt opp då det slo om og vart kaldt. Dei som akkurat vart planta ut slutta og vokse og ser veldig stusselige ut. I tillegg har nokre sniglar vore å forsynt seg litt. Heldigvis har været vorte noko betre, og berre på nokre få dagar ser det ut som om dei kjem seg.

Eit ynkeleg eksemplar av ein graskarplante, som med stor tydelegheit klagar på behandlinga den har fått i vår

Eg er ein ganske u-urolig dyrkar, og tenkjer at det nok av og til vil gå galt med enkelte sådder. Så eg har ikkje pusla noko ekstra om desse, dei har berre fått stått. Dei ser ut til å klare seg, og den fyrste squashen, som var ganske stor før kulden satte inn, den har fått sin fyrste squash, så no tenkjer eg me er i gang.







Dei siste plantane har eg akkurat planta ut. Dei fekk ein overgangsperiode under ein fiberduk, og der ser det ut som dei har trivast godt. Så, til tross for treg start, der korkje vêr, komposthaug eller før har spela på lag, ser det no lyst ut for årets avling.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar