Sider

onsdag 26. juni 2019

Eple- og plommetrea får litt stell

I dag var det på tide å slå i eplehagen, som eg likar å kalle den. Eg har berre 3 epletre og 3 plommetre, samt at det er satt inn nokre bærabusker her, hhv rips og solbær. Graset som er slår ser eg på som ein ressurs, ikkje som avfall, og stort sett er det for lite gras.

Gras er næring. Næring til jorda, eller rettare sagt mikrolivet i jorda. Det er næring til mark og biller, sopp og mykje anna. Desse igjen er med å lagar næring til plantane. Ein mark kan f.eks bæsje opptil 1 gram pr døgn, 1 gram rein plantenæring. Er ikkje det fantastisk???

Når eg slår områder, rakar eg saman graset og bruker det som dekke. I dag var det eple- og plommetrea sin tur.




Eg kunne eigentleg berre raka alt saman og lagt det inn rundt stamma, men eg gjer det ein anelse meir omstendeleg en det og tek meg tid til å legge aviser under treet fyrst. Grunnen til dette er enkelt og greit at det vert lettare å slå rundt trea. Eg brukar ryddesag når eg slår, og eg er veldig redd for at eg ein dag skal slå for nært treet og på den måten skade det, eller i verstefall klare å ringabarke det. Med avisdekke vert det ein sirkel rundt treet der det ikkje veks noko og dermed lett å slå. 

Fyrst legg eg eit godt tjukt lag med aviser rundt treet. Det fine med aviser er at desse hindrar gras osv å vekse igjennom i starten, men etter ei stund vil desse bli omdanna til jord, og dekkmateriale oppå vil då komme til nytte nede i jorda. Ein kan også bruke papp frå t.d. pakkassar osv. Det gjer same nytten.


Til slutt legg er graset på toppen i eit godt og tjukt lag. Eg prøver å ikkje legge det heilt tett inntil stammen, men dreg det nokre cm frå, for å hindre at det vert for tett. Ein kan ein fylle på meir klypp seinare dersom omdanninga går raskt. Til neste år er avisene borte og ein må legge på eit nytt lag av desse. Trea her fekk seg også ein god porsjon med kompost tidleg i vår, så desse skulle vere bra gjødsla for sessongen. Heilt naturleg, utan bruk av kunstige midlar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar