Sider

onsdag 10. april 2019

Rote poteter

Eg har dyrka poteter i fleire år, med relativt bra hell. Det dårlegaste året var nok i fjor. Avlinga blei bra, men mykje skurv på potetene. Eg vel å skulde den varme og tørre sommaren, og for dårleg vatning.



Mimring frå i fjor då eg hadde desse to gode hjelparane med meg til potetsettinga

Når eg har sett poteter før har eg ikkje gjort noko med dei på førehand. Eg har plukka opp potetene og sett dei rett ut. Ikkje grodd dei eller noko, slik mange plar. Eg har kun hatt typen Øygardspote (nokre stadar vert den kalla Fjærlandspote), som er ein sein type og då har ikkje ei veke eller to til eller frå spelt noko rolle.

I år, derimot, vert det andre bollar (eller poteter 😉). Eg har kjøpt inn settepoter av typen Juno, Beate og Kers Pink. Dei to siste har eg tenkt å førgro, men ellers ikkje gjere noko spesielt med dei, sidan desse er halvseine/seine sortar. Juno derimot skal eg leike meg litt med.

Eg har nemmeleg satt 20 stk til groing og roting. Eg skal forklare nærare:

Eg har valgt å brette potter i avispapir, ei til kvar potet. Denne er fylt med jord, og poteta ligg på toppen. Målet her er at den skal utvikle både røtter og groer på same tid, og på den måten få eit forsprang når eg skal setje dei ut. Eg kjem til å setje dei ned, med potta på. Den vil då komposterast og gå i oppløysing, og samstundes håpar eg at det på denne måten vil bevare røtene best mogeleg.

Potte av avispapir

Resten av poteten av denne typen kjem eg berre til å førgro, og eg er spent på om eg kan hauste dei som er grodd og rota tidlegare enn dei som berre er grodd. Eg les og høyrer varierande meiningar kring dette, og då må ein så klart prøve sjølv.

Faktisk tykte eg det var litt fasinerande å sjå rekasjonane då eg posta eit innlegg kring dette på Facebook. Mange varierande reaksjonar; nokre syns det var spennande, andre unødig og unyttig, men det var til og med dei som var på grense til å verte irritert - for slikt var ikkje vanleg å gjere. Ja, ja, heldigvis har eg rett til å leike så mykje eg vil i eigen hage.

Det går enno litt tid før potene kan setjast ut. I fjor satte eg dei 10. mai, så eg satsar gjerne på same tidspunkt i år (kanksje litt tidlegare) dersom langtidsvarselet ser bra ut.



No er det førbels berre å vente å sjå om det vert både blad og rot på potetene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar